SUNNHORDLAND
SUNNHORDLAND
Foto: Henriette Lien
Likar du høgt tempo, eller drøymer du om det rolege livet ved sjøen? Lengtar du etter ei utfordring, eller søkjer du det trygge og varme?
I Sunnhordland treng du ikkje velga!
Sunnhordland er alltid i endring. I brytninga mellom fjell og hav, mellom det tradisjonelle og det hypermoderne, finn du mogleikar for å leva akkurat det livet du ynskjer.
Foto: Visit Sunnhordland/ Adobe Stock
Følg med her for å bli oppdatert på Bu i Sunnhordland sine spennande arrangement og program.
Lyst å starte juleferien med å treffe andre unge i din kommune eller nabo kommunen?
MINGEL i desember blir arrangert på ulike lokasjonar
Førjulstreff Kvinnherad 19.des
Heim igjen på Bømlo 19.des
Jule-Mingel i Etne 20. des
Meir informasjon om dei ulike eventa vil bli lagt ut om ikkje lenge.
Student i Bergen, Trondheim eller Oslo?
Då kan du treffe oss på ulike karrieremesser. I løpet av året er me tilstades i Trondheim, Bergen og Oslo.
Me representerer næringslivet i Sunnhordland og kan gi deg kunnskap om karriere og bumoglegheier i vår flotte region.
Velkommen innom vår stand for ein hyggeleg prat!