Personvern


Bu i Sunnhordland er eit prosjekt under Sunnhordlandsrådet IKS som er eigar av nettsida.


Bu i Sunnhordland handsamar personopplysningar med respekt og varsemd og vil gjerne forklara korleis me handsamar den informasjonen me mottek om deg på internett.


Du besøker Bu i Sunnhordland si heimeside utan å avsløra kven du er, eller gi opplysningar om deg sjølv. Våre web-servere, Amazon Web Services (AWS), registrerer kun domenenavnet, ikkje e-post-adressa, til dei som besøker sida. Denne informasjonen blir samla for å registrere antall besøk, gjennomsnittstida per besøk, kva sider som blir besøkt og liknande. Bu i Sunnhordland bruker denne informasjonen til å analysere bruken av heimesida og betra kvaliteten på innhaldet.


Melder du deg inn i Bu i Sunnhordland ber me om opplysningar som vil væra av nytte for Bu i Sunnhordland i sitt arbeid med rekruttering og omdømmebygging. Informasjonen blir nytta til å gi deg kunnskap og tips om regionen vår. Informasjon vil bli samla og ein vil nytta informasjonen som eit verktøy i vårt omdømme og rekrutteringsarbeid. All bruk av informasjon og analyser vil være anonymisert.


Dersom du registrerer deg i skjema på nettsida til Bu i Sunnhordland - til dømes kurs eller andre arrangement, lagrar me opplysningane som du har gitt oss ved påmelding (namn, e-postadresse, eventuelle matallergiar ved servering på arrangement). Opplysningane vil bli nytta til å sende deg informasjon og det som måtte vere naudsynt i samband med arrangementet. 


"Cookie"-teknologi kan nyttast for å gi deg skreddarsydd informasjon. Ein "cookie" er ei lita datafil som eit web-område kan sende til din webleser, og som kan lagrast på din harddisk slik at me kan kjenne deg igjen neste gang du går inn på sida vår. Du kan stille inn weblesaren din slik at den gir deg beskjed når du mottek en "cookie". Du kan også sperre for "cookies" dersom du ønsker det, sjølv om dette kan hindre oss i å identifisere deg.


Det kan førekome at me føretek undersøkingar på nettet for å forstå betre behova og profilane til våre besøkande. Når me utfører ei undersøking, vil me forsøke å fortelje deg korleis me skal nytta opplysningane.


Buisunnhordland.no nyttar analyseverktøyet inni nettsideprogrammet Without Code. Her kan vi analysere statistikk om de besøkende og hvordan de samhandler med nettstedet. Datainnsamling for annonseringsfunksjonar er slått av. 


Nettlesaren din sender automatisk opplysningar kvar gong du får vist ei side. Her også opplysningar om kva nettlesar og kva versjon denne har, samt IP-adressa di. Det vert også lagra opplysningar om dato og tid. Ingen av desse opplysningane blir brukte til å identifisere personar. Me brukar opplysningar om bruken av nettsida vår til å sjå kva sider som er ofte brukt, og for å vidareutvikle ein god nettstad for brukarane.


Når du registrerer eit arrangement på nettsidene våre må du skrive namn og e-postadresse. Dette treng me dersom me må ta kontakt med deg i høve til registreringa av arrangementet. Opplysningane vil ikkje bli brukte til marknadsføring.


Samarbeidsrådet for Sunnhordland sine websider innehalder lenker til andre sider. Me kopler oss til områder som har same høge standard og respekt for personvern som oss, er me ikkje ansvarleg for innhaldet eller personvernet på andre sine websider.


Share by: