Namn: Agnete Braathen
Bedrift og stilling: Rådgjevar/prosjektleiar i Atheno AS
Bakgrunn: Bachelor i Entreprenørskap og Økonomi
Frå: Stord, men har mine barneår fordelt på Stord, Bergen og Sogn.
Bur: Stord
Litt privat: Sambuar med Andreas, saman har me Eiliv på 2år og ventar ein veslebror i august.
Høyrer på? Podcastar og den same songen så mange gangar på repeat at eg til slutt ikkje orkar eit sekund av den meir.
Ser på? Eg er veldig glad i både film og seriar, men det kjem i periodar. Nett no er eg i ein periode der scrolling på mobilen tek opp mykje av kvelden.
Fritidsinteresser? Det går nok mykje i familie. Men eg likar godt venninnekveldar, med god mat og prat. Eller spelekveldar! Så likar eg godt å gå på tur, og her er Hystadmarkjo favoritten.