Våre satsinger

Me skal bidra til at våre samarbeidspartnarar frå næringslivet og kommunar i Sunnhordland samarbeidar tettare om rekruttering. Der ein samla region sikrar jobb til arbeidsgivar. 

Foto: Visit Sunnhordland

Foto: Tysnesfest

Bu i Sunnhordland

Saman med partnerar frå næringslivet og kommunar skal Bu i Sunnhordland gi kunnskap til unge og foreldre om kvifor ein skal velje Sunnhordland som bustad og arbeidsplass. Me har som mål å byggje kompetansen deira kring lokalt arbeidsliv og valmoglegheiter ein har i Sunnhordland. Ein region i grøn omstilling, med eit spennande næringsliv.

Registrer samarbeidspartner

Ung tekno

Utvikling av nytt og eksisterande næringsliv vil krevje at ein går nye vegar.


Ung Tekno er eit prosjekt som knyt teknologi og yrkesfag saman med entreprenørskap. De som bedrift vil gjennom prosjektet få moglegheit til å belyse samanheng mellom teknologi og yrkesfag, kva kompetanse som trengs framover og korleis ein må tenkje utanfor den tradisjonelle «boksen» når ein vel vidaregåande utdanning i kommande år.


Prosjektet er eit samarbeid mellom næringsliv og Bu i Sunnhordland, og målgruppa er 9.trinn på aktuell skile. Over to dagar skal elevane saman med mentor frå bedrift jobbe ei problemstilling bedrifta har. 


Ung Tekno gjer dei unge ein moglegheit til å bli kjend med arbeidslivet, og er ein god måte å gjere den framtidige generasjon kjend med di bedrift.


Ynskjer di bedrift å bli med på Ung Tekno?


Påmelding glir lagt ut hausten 2023. Prosjektet gjennomføres våren 2024, rundt påsketider.

Foto: Visit Sunnhordland

Trainee Sunnhordland

Trainee Sunnhordland er eit program der du som traineebedrift gir nyutdanna med bachelor- eller masterutdanning relevant erfaring og sjansen til å få jobb. Di bedrift får ein motivert kandidat med fersk kompetanse og nysgjerrigheit.


Trainee er eit attraktivt program å søke på for nyutdanna studentar, som gir positive ringverknader for di bedrift, styrkar bulyst og omdømme.


Vil de bli Trainee-bedrift?*

Det vert informasjonsmøte om trainee-program hausten 2023, dato kjem!


*For for å ta del i traineeprogrammet er eit av vilkåra at bedrifta er vår samarbeidspartnar, les meir om dette her    Bli vår samarbeidspartner (buisunnhordland.no)




Share by: