22 Jun, 2023
Eileen P. Selland budde i byen men lengta heim kvar einaste helg. I Etne har ho funne ro. Det hjelper og på å vere nygift, ha tre kjekke ungar og ein hund som heiter Lakris. Når ein då i tillegg har ein gøy jobb i kommunen, - har utsikt til Hodlestadnuten, og veit at snøggbåten kan ta ho ein svipptur til Bergen by, - ja då er Etne verdas beste plass å bu!