Kurs mot Grøn Framtid – Ein sivilingeniør sin veg til HYDS på Stord
nina • apr. 26, 2024

Faktaboks

Namn: Odd Peter Ørjasæter

Bedrift og stilling: Prosjektleiar, Hydrogen Solutions AS (HYDS)

Bakgrunn: Sivilingeniør med ein 3-årig Bachelor, Byggingeniør frå Høgskulen i Bergen, og ein 2-årig Master i Samfunnssikkerheit frå Universitetet i Stavanger. 

Frå: Geiranger

Bur: Stord

Litt privat: Gift med Ingeborg, pappa til Alma Othilie (13), Kari Olava (11) og Jo Wilhelm (7)

Høyrer på: Coldplay, Pink Floyd, Kaizers, U2

Ser på: Nyheter, fotball eller ein god film

Fritidsinteresser: Løping og friluftsliv, båt og fjell, jakt og ski

- Stord er passeleg stort med fin balanse mellom by og land. Dette kombinert med ein «framoverlent» industri gir gode moglegheiter for å finne ein god balanse mellom spennande arbeidsplassar og kjekk buplass!

  • Kva type bedrift arbeider du i? HYDS er ei nyetablert bedrift som skal utvikle, eige, og drifte anlegg som produserer grøn hydrogen. Til no har vi to anlegg i drift, og jobbar med fleire spennande prosjekt.

  • Korleis fekk du denne jobben? Eg søkte på stillinga som prosjektleiar då den vart lyst ut. Eg hadde frå før kjennskap til min leiar i HYDS gjennom lokalgruppa i Tekna.

  •  Kvifor var den interessant for deg? Det trigga meg å få være ein del av eit selskap i oppstartsfasen, då eg fram til no har erfaring frå større etablerte selskap innan olje- og gassindustrien. At dette også var eit energiselskap som satsa på det grøne skiftet passa perfekt.


  • Kva går arbeidet ditt ut på? Som prosjektleiar er eg ansvarleg for å realisere prosjekta me skal gjennomføre. Dette inneber å jobbe saman men prosjektutviklarane våre i tidleg fase, for deretter å ta over og sørge for detaljering gjennom tekniske leveransar som terningar og design, val av hovudkomponentar, følgje opp entreprenørar og engineeringspartnarar, kontakt med myndigheiter osv. Dette skal skje innan planlagt tid- og budsjett og med helse, miljø og sikkerheit i høgsetet. Med andre ord ein variert kvardag der ein har kontakt med mange involverte i prosjektet sine ulike fasar.

  • Kvifor valde du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Før vi enda opp i Sunnhordland budde vi 4 år i Kristiansand. Dårlege tider i oljebransjen førte til at vi valde flytte tilbake til Vestlandet og Stord, som akkurat då hadde fått store kontraktar gjennom bygging av boligkvarteret til Johan Sverdrup. Dette gav meg gode jobb-moglegheiter. Det må og nemnast at den gode hjelpa vi har fått frå svigers (som bur i nabolaget) dei åra vi har budd her har gjort det mogeleg for meg og kona å satse på yrker som tidvis krev litt reising. Det er vi svært takksame for.
     
  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Stord er eit godt bilete på Vestlandet i miniatyr. Kort veg til sjø og fjell gir unike moglegheiter for friluftsliv. Og skulle ein som sunnmøring ønske litt høgare fjell, er det kort veg til flotte toppturar i Kvinnherad eller Hardanger. I tillegg til naturen har Stord eit rikt idretts- og kulturliv som har gitt oss som barnefamilie mange moglegheiter til å bli kjend med kjekke folk og dyrke ulike fritidsinteresser. 


  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Om ein ikkje har vore her før er Sunnhordland verdt eit besøk. Oppgraderte veger gjer at reisetida frå Bergen er betydeleg korta ned dei siste åra. I tillegg er Stord passeleg stor med fin balanse mellom by og land. Dette kombinert med ein «framoverlent» industri gir gode moglegheiter for å finne ein god balanse mellom spennande arbeidsplassar og kjekk buplass.   


  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er: Fylt av varierte oppgåver anten på kontoret med gode kollegaer, på eitt av våre anlegg eller på besøk hos ein kunde- eller samarbeidspartnar. Det dukkar gjerne også opp uforutsette problem som krev samarbeid eller beslutningar for å løysast. Då trivast eg. 
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: