Oppfordrar folk til å hoppe i det
nina • nov. 16, 2023

Faktaboks

Namn: Årstein Halderaker

Bedrift og stilling: Baker Hughes, servicekoordinator

Bakgrunn: Bachelor i Business administrasjon med spesialisering i International Business frå BI i Oslo

Frå: Rubbestadneset

Bur: Rubbestadneset

Litt privat: 26 år og singel 

Høyrer på? Litt av alt

Ser på? Golf

Fritidsinteresser? Golf, fotball og styrketrening

- Eg trur du skal leite lenge med å finne ein like fin plass med så mange kjekke folk som i Sunnhordland!

  • Kva type bedrift arbeider du i? Eg arbeider i ei bedrift knytt til energi.

 

  • Korleis fekk du denne jobben? Etter utdanninga så fekk eg moglegheit til å bli innleigd på innkjøpsavdelinga til Baker Hughes, og når kontrakten der gjekk mot slutten så var eg heldig og fekk tilbod om fast stilling som servicekoordinator.


  • Kvifor var den interessant for deg? Denne stillinga var interessant for meg på grunn av at den tilbyr utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, samt veldig kjekke kollegaer. 


  • Kva går arbeidet ditt ut på? Som servicekoordinator har eg ein veldig variert kvardag. Arbeidsoppgåver inkluderer alt frå mobilisering av system på andre sida av jordkloden til utleige av utstyr til lokale bedrifter her på Stord. 

 

  • Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Eg valte å busette meg i Sunnhordland fordi det er her barndomsheimen min er, og det er her eg har mesteparten av min familie og vener. 

 

  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det er roleg og fint, men framleis nok action til at det aldri blir kjedeleg! 

 

  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Mitt beste tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland er å berre hoppe i det. Eg trur du skal leite lenge med å finne ein like fin plass med så mange kjekke folk som i Sunnhordland!


  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er: Ein perfekt arbeidsdag for meg er når det er travelt, men det er akkurat nok tid til å skvise inn en liten kaffipause med kollegaene mine. 
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: