Foto:
SKL produserer rein elektrisk energi frå fornybare vasskraftkjelder.
Dei største kraftverka våre ligg i Blådalsvassdraget i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. I tillegg har me store kraftverk i Litledalen, Etne kommune og Eikelandsosen, Bjørnafjorden kommune. SKL har eigardel i Sima kraftverk, Eidfjord og Ulla-Førre anlegga i Rogaland og Aust Agder, samt 15% i AS Saudefaldene. SKL har og ei stor småkraftportefølje. Samla produksjon er om lag 2.700 GWh i året.
SKL er aktiv medeigar i fleire fornybarkjelder: havvindselskapet Deep Wind Offshore og hydrogenproduksjonsselskapet Hydrogen Solutions.
Hovudkontoret ligg på Stord, med driftsavdelingar i Matre og Etne. Selskapet har i underkant av 60 tilsette.