Foto: Camilla Korsnes
Tysnes, den hjarteforma kommunen nord i Sunnhordland, ei ekte perle. Perfekt for deg som er på jakt etter ein roleg og eventyrleg livsstil. Me har kort veg til kringliggande byar, og me trur du vil bli overraska over kor mykje kystkommunen vår har å tilby.
Me har eige skianlegg på fjellet og flotte badeplassar. Kjend for frodig natur og skiftande landskap. Frå høgfjell til idylliske hamner, gir gode moglegheiter for friluftsliv.
Eit rikt lags- og organisasjonsliv gir varierte fritidstilbod til både vaksne og barn. Småskalaprodusentar byr på ekte og økologisk smaksopplevingar. Øya vår byr på eit rikt kulturliv gjennom heile året, med Tysnesfest om sommaren som det absolutt største.
Sentralt plassert, men likevel langt nok unna kjaset og maset til bylivet. Det betyr at du kan nyta frisk luft, kulturelle storhendingar og avslappande ro. Med uendelege høve til å utforska fjell og fjord, er Tysnes den perfekte staden å kalla heim.