Forskar på gode samtalar
asl • nov. 27, 2023

Faktaboks

Namn: Inga Margrethe Fagerbakke

Bedrift og stilling: Høgskulen på Vestlandet, stipendiat

Bakgrunn: Utdanna lærar ved tidlegare Høyskolen i Bergen. Har arbeidd i ungdomsskulen, - og i lærarutdanninga på Stord i snart 6 år.

Frå: Austevoll

Bur: Haga på Stord

Litt privat: Gift med Joar og har ein son på 9 og ei jente på snart 7

Høyrer på: Podkastar om politikk og samfunn

Ser på: Såg nettopp Krigsseileren på Netflix. Det gjorde inntrykk!

Fritidsinteresser: Det meste av fritida brukar eg saman med familien, men eg er glad i ein god quiz, trenar litt , - og er med ein bokklubb.

- Eg har alltid vore interessert i kva som kjenneteiknar den gode samtalen i utdannings-samanheng

  • Kva type bedrift arbeider du i? Eg arbeidar i høgare utdanning, i barnehage- og grunnskulelærarutdanninga. Akkurat no er eg i eit doktorgradsstipend.

  • Korleis fekk du denne jobben? Eg søkte på eit doktorgradsstipend der dei trong nokon til å forska på korleis studentar kan få opplæring i å samtala om naturen og naturfaglege tema med barnehagebarn. Eg synest det høyrtest utruleg spennande ut, og var heldig å få jobben! 

  • Kvifor var den interessant for deg? Eg har alltid vore interessert i kva som kjenneteiknar den gode samtalen i utdanningssamanheng, og sidan eg sjølv hadde barnehagebarn på den tida var eg både interessert og forundra over alt dei spurte om og var interesserte i når me var ute i naturen.

  • Kva går arbeidet ditt ut på? For tida skriv eg forskingsartiklar saman med kollegaer innanfor same fagområde, basert på videomateriale frå barnehagar. Utanom det,- er det undervisning eg har gjort mest av.

  • Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Me valte å busetja oss på Stord fordi det var viktig for meg å bu nær arbeidet mitt på HVL, - og så er eg gift med ein Stordabu.


  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det må vera at det er stort nok til at det alltid er eit eller fleire arrangement å gå på, og lite nok til at du kan rekna med å treffa nokon kjente der.

  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? At det er ein kjekk plass å bu! Det som var mest overraskande på meg var alle dei fine turområda, og at det finns så utruleg mange organisjonar og lag. Noko for ein kvar smak.

  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er: Ein perfekt arbeidsdag startar med ein kopp kaffi og kjekk prat med kollegaer, eg møter engasjerte studentar og ideelt sett: - Eg får skrive det eg hadde tenkt å skriva. Toppar det med eit bad i Breivikjo med HVL sin eigen badeklubb!
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: