Løysningsorientert kvinnhering
nina • jan. 11, 2024

Faktaboks

Namn: Marius Grønstøl

Bedrift og stilling: Prosjektleiar

Bakgrunn: Teknisk Fagskole Mekatronikk, - fagbrev industrimekanikar og bilmekanikar

Frå: Sunde

Bur: Valen

Litt privat: Gift, tre barn

Høyrer på: Radio og podcastar

Ser på: Komedie og dokumentarar

Fritidsinteresser:Friluft og motorsport

- Det kan vere nyttig å vere litt utadvent og frampå for å bygge seg nye nettverk!

  • Kva type bedrift arbeider du i? Sunnhordland Mek Verkstad som er ei produksjonsbedrift som utviklar løysningane sjølve.

  • Korleis fekk du denne jobben? I sommarferien 2018 var vi heime i Kvinnherad. Då fekk eg ein telefon av teknisk leiar i Sunnhordland Mekaniske Verkstad med spørsmål om eg ville komme ein tur å sjå kva dei haldt på med i Skånevik. Det såg veldig spennande ut, og det vart følgt opp med eit tilbod som eg takka ja til.

  • Kvifor var den interessant for deg? Det var fordi arbeidsoppgåvene høyrdest spennande ut, og at vi kunne flytte heim til Kvinnherad igjen etter 11-12 år borte i frå kommunen.

  • Kva går arbeidet ditt ut på? Det er å leia prosjekt, - ofte i frå idé til produktet er sett i drift hos kunde. I tillegg er det salsarbeid med anbodsrundar og marknadsføring, samt å bidra i designprosessar i alt frå mekanisk design til software.

  • Kvifor valte du å arbeide og busetje deg i Sunnhordland? Fordi bygda var ein føretrekt plass der ungane kunne vekse opp med like rammer og villkår som me foreldra hadde i oppveksten. Samtidig så har vi mykje familie her, noko som var ei medverkande årsak.


  • Kva er ekstra bra med å bu her forutan jobben? Det er kombinasjonen av familie, naturen og venene våre.


  • Kva er dine tips til andre som vurderer å flytte til Sunnhordland? Ei utfordring med å flytte ut på bygda om du ikkje er der ifrå, er å skape eit nettverk. Det kan vere nyttig å vere litt utadvent og frampå for å bygge seg nye nettverk, då det kan vere at ein må arbeide litt for å komme «innpå» dei som bur i bygda frå før.


  • Ein perfekt arbeidsdag for meg er: Ein ny spennande førespurnad der nye løysingar må utviklast.
Av nina 26 Apr, 2024
- "Stord is just right in size with a fine balance between city and countryside. This, combined with a 'forward-leaning' industry, provides good opportunities to find a good balance between exciting workplaces and a nice place to live."
Av nina 26 Apr, 2024
- In Sunnhordland there are lots of different events, clubs and businesses. Just find something that suits you!
Share by: