Trainee Sunnhordland

Foto: Xxxxx

Å væra trainee vil sei at du gjennom eit år skal jobbe i ei bedrift innan fagfelt som er relevant for deg. Du får tildelt ein mentor frå bedrift som følger deg gjennom året, få arbeidsoppgåver som er relevant for ditt fagfelt og som gir deg innsikt i heile bedrifta. Du må ha bachelor- eller masterutdanning og maks tre års arbeidserfaring etter studiar.

 

Du vil delta på sosiale samlingar saman med andre traineeàr i regionen. Samlingane vil ha fokus på å utveksle erfaringar, bli kjend med kvarandre og regionen ein bur i. Du vil delta på ulike temakveldar og kurs som er nyttig for deg som er ny i arbeidslivet. Sist men ikkje minst det vil væra stort fokus på å ha det hyggeleg saman! 

Share by: